While...Wend-uttrykket
Når eit program kjem til eit WHILE-uttrykk, vert vilkåret testa. Viss vilkåret ikkje er oppfylt (False), vil programmet gå til uttrykket som kjem etter WEND. Er vilkåret oppfylt (True), vert sløyfa utført til programmet når WEND. Deretter går programmet tilbake til WHILE-uttrykket. Er vilkåret frameis oppfylt (True), vert sløyfa utført igjen.
I motsetnad til i uttrykket Do...Loop kan du ikkje anulera ei While...Wend-sløyfe med Exit. Avslutt aldri ei While...Wend-sløyfe med GoTo sidan dette kan føre til køyretidsfeil.
DO … LOOP er meir fleksibel enn WHILE … WEND.
Syntaks:
While vilkår [uttrykk] Wend
Eksempel:
SUB EksempelWhileWend
DIM sTekst As String
DIM iRun As Integer
sTekst ="Dette er ein kort tekst"
iRun = 1
WHILE iRun < LEN(sTekst
If Mid(sTekst,iRun,1 )<> " " Then Mid( sTekst ,iRun, 1, CHR( 1 + ASC( Mid(sTekst,iRun,1 )) )
iRun = iRun + 1
WEND
MsgBox sText,0,"Koda tekst"
End Sub